Markaslått på kulturkveld

I 1980-81 gjenskapte lærar Oddvar Moen og elevar på Mo skule markaslåtten i gamle dagar - som valfag. Torsdag presenterte Surnadal Heimbygdlag ein fyldig biletserie frå dette kulturprosjektet.
Nyheter

Temaet drog innpå hundre interesserte til Mo-skulen. Dei opprinnelege lysbileta var lagt på DVD, der Erik L. Moen las læraren sine kommentarar. Klangfull øverbøgd-dialekt gav ekstra liv til framstillinga. Og her sakna ein ikkje levandefilm – rolege og instruktive stillbilete vart ei fin formidling av temaet.