Outzen: - Mange elevar er alvorleg stressa

Vil ha forsøk med leksefri skole i Sunndal

I ein interpellasjon spør Erling Outzen (SV) om ordføraren vil støtte ei oppfordring til skolane i Sunndal kommune om å vurdere leksefri skole.
Nyheter

I interpellasjonen syner Outzen til ei nyleg undersøking som viser at allereie mange førsteklassingar i norsk skole er alvorleg stressa av for mykje teori og prestasjonspress. Og stillesitting.

- Systemet med heimelekser gjer ikkje saka betre. Eg har hørt frå lokale foreldre med barn i skolen no at det kan vere mykje lekser alt før ungane er 10 år gamle. Eg har fått sett ganske ekstreme eksempel på det.

Han fortsett:

- Det er allment akseptert at Finland har ein god skole. Dei har så vidt eg veit ikkje lekser. Fleire skolar her i landet har au starta forsøk med leksefri skole. Eller rettare sagt, med at elevane får gjere «leksene» (øvingsarbeidet) på skolen, i skoletida. Med kvalifisert assistanse.

NTNU-forskar Marte Rønning har dokumentert at barn som i liten grad kan få hjelp av foreldra sine taper på systemet med heimelekser. «Skolelekser» er altså nødvendig om vi vil gi alle barn same sjansen, om vi vil utjamne sosiale forskjellar.

Vi vaksne legg stor vekt på å verne (og gjerne auke) fritida vår. Å skilje arbeidstid og fritid. Skulle vi da ikkje gjere det same for ungane?

Elevane skal ha tid til å nyte livet som barn og ungdommar. Til leik og samvær med venner, til fysisk aktivitet. Til å vere sunne og glade barn. Det stimulerer også læreevna.

Outzen spør: Vil ordføraren støtte ei oppfordring til skolane i Sunndal Kommune om å vurdere leksefri skole, i det minste som ei prøveordning?

Han kjem også med eit forslag til vedtak: Sunndal kommunestyre oppfordrar skolane i Sunndal kommune til å sette i gang forsøk med leksefri skole. 

Neste møte i kommunestyret er onsdag 24. oktober.