«Nå Ækte» på Surnadal kulturhus

Du hører han på riksdekkande radio kvar einaste dag. No kjem han også «heim» med fullt band!

Jo Sverre kjem til Surnadal Kulturhus med fullt band fredag 19. oktober.  Foto: Privat

Nyheter

Det opplyser Surnadal kulturhus i ei pressemelding.

Jo Sverre syng «kvalitetspop med refrenger som lurer seg uunngåelig inn i hjernen», skreiv Adresseavisen. Og rindalingen har vore nærast «Ostoppele» etter han kom ut med «E», debutalbumet sitt, for eit lite år sia.

Kritikarane har vore overbegeistra og ein låt som «Ka Om» vart vurdert til å vere eit meisterverk av ein av dei. Ikkje verst for ein platedebutant!

I påvente av konsert kan du høyre "Ka om" på YouTube her!

Jo Sverre har turnert for Rikskonsertane, og opptredd både på by:larm, Pstereo, OverOslo og Trondheim Calling. Han har også levert smakebitar lokalt i sommar, men fredag 19. oktober serverer han og bandet heile menyen i Surnadal kulturhus. Vel verdt å få med seg; ikkje (berre) av di at han er lokal, men av di han er så god at han fortener eit stort publikum!