Talgø blir majoritetseigar i Tradbo

Tek over 75% av aksjane.

Orienterte: God stemning rundt bordet da Terje Talgø orienterte om overtakinga.  Foto: Jon Olav Ørsal

Nyheter

Som eit ledd i vidare utvikling i konsernet kjøper Talgø 75 % av aksjane i entreprenørfirmaet Tradbo AS frå M. Romuld & Sønner AS.  Talgø vil med dette kunne tilby totalentreprise i samband med levering av elementbygg frå eigen elementfabrikk, og med Tradbo som utførande entreprenør, skriv Talgø Invest i ei pressemelding.

Etter 35 år med samarbeid er det no tid for å samarbeide enda tettare. Terje Talgø og Tor Olav Vatn er klare til å signere. Foto: Talgø/JOØ

Tradbo er lokalisert til Aspøya Fjordsenter i Tingvoll kommune, og har gjennom 35 år hatt eit nært samarbeid med byggvarebutikken til Talgø – Byggmakker Bytås. Dei siste åra har også elementavdelinga i Talgø MøreTre hatt eit tett samarbeid med Tradbo. Kranaskjæret i Vågen i Kristiansund er kanskje det samarbeidsprosjektet som har vore mest synleg. Der har Tradbo vore utførende entreprenør og engasjert av Talgø.

Talgø har i lang tid opplevd etterspørsel om å kunne tilby totalentreprise, der kunden har kunna hatt eit eller få kontaktpunkt i byggeprosessen. med byggvarebutikkar, elementfabrikk og utførande entreprenør same konsert er no dette ein realitet og ei smidig løysing som nok marknaden etterspør. Engasjementet i Tradbo vil gje oss store fordeler både marknadmessig  konkurransemessig og ikkje minst internt, og vi er godt rusta for framtida, seier konsernsjef Terje Talgø.

Øvrige eigarar i Tradbo er Tingvoll interiør med 10%, og resterande er mindre postar fordelt på tilsette og tidlegare tilsette.  Tradbo består i dag av 18 tilsette og representerer ei årsetning på rundt 25.0 mill.  Overtakelsen medfører inga endring i organisasjon eller drift hos Tradbo AS, og selskapet vil også i fortsettinga bli leia frå selskapets kontor på Aspøya Fordsenter