Klinge om statsbudsjettet:

– Sentraliseringa held fram

- Regjeringa legg opp til at sentraliseringa skal halde fram. Det seier stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) i ein kommentar til forslaget til statsbudsjett.

Ikke imponert: Stortingsrepresentant Jenny Klinge er lite imponert over regjeringas framlegg til statsbudsjett.   Foto: Senterpartiet

Nyheter

- Hovudinntrykket mitt av regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2019 er at dei verken vil ha sosial eller geografisk utjamning, slik vi i Senterpartiet ønskjer. Dei går derimot inn for at sentraliseringa skal halde fram. Regjeringa vil òg framleis leggje til rette for at nordmenn skal bruke pengane sine på mykje handel i utlandet på kostnad av norske arbeidsplassar og norsk økonomi.