Kven er den rause?

- Både fiskeriministeren og oppdrettsfirma blir sett på som slektningar av julenissen. Kva slags pengar er det som dei raust gir bort?

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 

Nyheter

«Oppdrettsfirma skjenket laksekroner til fibernett, idrett og korps». «Laksekroner til kommunene». Det går ikkje så lenge mellom kvar gong vi ser noko om dette. Både fiskeriministeren og oppdrettsfirma blir sett på som slektningar av julenissen.

Kva slags pengar er det som dei raust gir bort? Dette er overskot frå oppdrettsverksemd. Overskot som blir til i store mengder, samtidig som det stadig er nye tilfelle av ulage i fjordane våre. Det er ikkje oppdrettsfirma som betalar, det er fjordane våre, naturen vår. Naturen vår blør for dette.

Det blir sagt at oppdrettsverksemda på denne måten skal betale tilbake for ulemper dei påfører. Får naturen noko? Kva er det ein høyrer at pengane skal brukast til – å setje ned eigedomsskatten, legge til rette for meir industri og liknande. Naturen blør og blør, men får ingenting.

Det er på tide at oppdrettsindustrien skrur ned kravet til forteneste og tar fjordnaturen på alvor, slik at naturen ikkje blør.


Øystein Folden.

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.