Inviterer til kornkveld

Surnadal bondelag minner om at ein ny sesong med Kløverstukveldar startar i kveld, måndag.
Nyheter

Måndag kveld stratar altså ein ny sesong med Kløverstukveldar i Surnadal.

Som tidlegare år er det lagt opp til ein sesong med fleire møter med ulike tema utover hausten og vinteren.

- Denne første kvelden blir det «kornkveld» i samarbeid med Røv Mølle, opplyser Per Ivar Vikhaugen, som sjøl får ein dobbeltrolle denne kvelden, ettersom han både arbeider ved Røv Mølle og er valt inn i styret i bondelaget.

Programmet er som følger:

- Oppsummering av kornmottak 2018. Såkorn for sesongen 2019, ved Røv Mølle.

- Erfaringar frå årets sesong. Resultat frå forsøk, med meir. Dette av Frode Grønmyr, Landbruk Nordvest.

Alle interesserte ønskes vel møtt.