Kim Even Fiske til topps i Drivas sommarbildekonkurranse:

– Likar å ta bilde av natur

Kim Even Fiske (30) frå Øvre Surnadal gjekk heilt til topps i Driva sin sommarbildekonkurranse. Hobbyfotografen er spesielt glad i å ta naturbilde.
Nyheter

Som tidlegare år er konkurransen arrangert i samarbeid med fotograf Nathan Lediard. Han seier at han har hatt ein vanskeleg jobb med å plukke ut vinnaren mellom mange fine innsendte bilde.