Jeger, politikar, skirennar og fotballspelar

Med både fotball, jakt, ski og politikk blant dei store interessene er Sondre Ormset ein aktiv kar. No gler han seg til å starte i nyjobben som dagleg leiar i Surnadal Idrettslag.

Gler seg: Sjøl om Sondre Ormset stortrivast i butikken på Kårvatn der han er tilsett i dag, gler han seg stort til å tiltre stillinga som dagleg leiar i Surnadal Idrettslag frå 1. desember. Sjøl er surnadalingen aktiv på mange område heile året, både i idrett og med anna aktivitet. Blant anna er senterpartisten fast medlem i kommunestyret denne perioden – og håpar på fornya tillit ved neste val.  Foto: Gøran Rønning

Nyheter

Sondre likar seg aller best heime i Surnadal, der han har vakse opp i ein familie på fem. Med eit par unntak har han budd her heile livet.