Etablerer ungdomsklubb og Frivilligsentral i Surnadal:

– Ja takk, begge deler

Kommunestyret vedtok torsdag etablering og oppstart av ungdomsklubb og Frivilligsentral i Surnadal frå 2019, sjøl om det er delte meiningar om kommunen har råd til dette no.

Vedtok oppstart: Kommunestyret vedtok torsdag at det skal arbeidast for etablering og oppstart av ungdomsklubb og Frivilligsentral i Surnadal frå neste år. Aktuelt lokale er da "Fiske-bygget" på Skei, som er næraste nabo til kulturhuset.  Foto: Gøran Rønning

Nyheter

Da den gamle ungdomsklubben vart lagt ned, eller «sett på pause» i 2016, vart det lova ein ny ungdomsklubb i nye lokale. Ungdommane i Surnadal har sidan ønska seg ein ny ungdomsklubb i kommunen, da dette har vore eit sakn for mange.