Jenny Klinge reagerer på at regjeringa attrar seg:

– Merkeleg av Dale

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) synes det er merkeleg at regjeringa synes å ville gå vekk frå 40 års nedbetaling på bompengeprosjekt som gjeld ferjeavløysing.

Todalsfjordprosjektet: – Regjeringa sitt tilbaketog på 40 års bompengeinnkrevjing kan få betydning også for Todalsfjordprosjektet, seier Jenny Klinge. 

Nyheter

Det er i samband med jakta på finansiering av Nordøyvegen det har kome fram at samferdselsminister Jon Georg Dale og regjeringa ikkje lenger er så lystne på å tillate 40 års nedbetalingstid på prosjektet. Klinge meiner dette kan få følger også for finansieringa av Todalsfjordprosjektet der det ligg inne at fylkeskommunen skal søke om 40 år med bompengeinnkrevjing.