TrondheimSolistene spelar Sommerro

Det er berre å ringe rundt denne datoen i 2019-kalenderen og skrive «Nyttårskonserten» inni sirkelen.

Nyttårskonsert: Fredag 11. januar er TrondheimSolistene igjen klare med nyttårskonsert i Surnadal kulturhus.  Foto: Nikolaj Lund

Henning Sommerro skreiv «Chrysillis» til Catriona McKay (skotsk harpe) og Chris Stout (shetlandsfele), og dei to skotske musikarane blir med på konserten i Surnadal. Pressefoto. 

Nyheter

Pressemelding frå Surnadal kulturhus:

Det har vore full sal på dei årlege nyttårskonsertane med TrondheimSolistene i Surnadal kulturhus. Denne gongen blir sikkert ikkje noko unnatak, også av di at TrondheimSolistene har ein «lokal» komposisjon av Henning Sommerro på speleplana.

«Lokal» er sett i hermeteikn, for «Chrysillis» er eit vidtfarande musikalsk stykke som følger salmediktaren Thomas Kingo si «reise» frå Skottland, via Danmark og til Sunndalen. Kingo tok nemleg over stillinga til ein avdød dansk prest, og med på lasset følgde presteenka. Det var Cille Blankenborg, prestedatter fødd i Sunndalen, og Kingo vart meir enn overvettes begeistra for enka. Han skreiv difor det storslagne kjærleiksdiktet «Chrysillis» til ho, men deira stund saman vart ikkje så lang – Kingo vart enkemann berre året etter. Samlivet varte likevel lenge nok til at Kingo fekk høre om, og vart bergteken av, den mektige sunndalsnaturen (jf. teksta i salma «Nu rinner solen opp»). Henning Sommerro sitt stykke vandrar innom både skotsk, dansk og norsk musikk med innlagte stopp for improvisasjonar i reiseruta.

Henning Sommerro skreiv «Chrysillis» til Catriona McKay (skotsk harpe) og Chris Stout (shetlandsfele), og dei to skotske musikarane vil spele med på konserten i Surnadal.

Desse to er likevel ikkje dei einaste gjestemusikarane. Den svenske fiolinisten Cecilia Zilliacus er også med, og det vil også bli spelt komposisjonar av m.a. Sibelius, Britten og Järnefelt på konserten.