Markerte opning av det nye renseanlegget for Eidsvåg vassverk:

– Betydeleg betring

– Folk takkar oss for betre vasskvalitet. Klårare vatn og mindre humus i vatnet er resultatet av det nye renseanlegget, seier avdelingsleiar for teknisk drift i Nesset kommune, Vegard Øverås Lied.

Kake: Leiar Arild Svensli i utvalet for teknisk, næring og miljø forsyner seg av kaka. Her saman med Bernt Angvik, Stig Arild Arvesen, Kurt Brekke, Vegard Øverås Lied og Erik Molton.  Foto: Sigmund Tjelle

Nyheter

Det var god stemning mellom dei mange frammøtte da leiar Arild Svensli i utvalet for teknisk, næring og miljø i forrige veke klipte slangen – ikkje snora – som markerte opninga av det nye renseanlegget. Heile utvalet var invitert. Det var også representant for konsulentselskap, ordførar og alle som har jobba for å ferdigstille anlegget.