«Messias» i Hov kirke:

Verdig finale for Peder og Margaret

Händels «Messias» tilhører den tidlause kulturarven. Difor: Så prisverdig at meisterverket er gjort tilgjengeleg hos oss på Nordmøre! Og det er først og fremst Peder og Margaret Rensvik si forteneste.

Kammerkor: Kristiansund Kammerkor med barokkorkesteret.  Foto: Bernt Bøe

Nyheter

Så kallar da også Messias-konsertane i Hov og Nordlandet kyrkjer denne helga fram mykje begeistring og takknemleghet. For Peder og Margaret var dette visstnok finalen på eit halvt hundreår i kyrkjemusikkens teneste. Ei teneste med tydeleg mål: Å gi lokalmiljøet kvalitetsopplevingar av musikklitteraturens storverk – gjennom tradisjon og fornying.