God jul!

Førjulstida er travel for dei fleste av oss. No blir det godt med nokre dagar i eit rolegare tempo.

Nesset kirke. 

Nyheter

I redaksjonen har det vore hektisk innspurt for å få alt ferdig til juleavisa. Kvardagen i ei lokalavis er alltid travel men det er slik at det krevst litt ekstra når juleavisa skal ut. Eg er imponert over arbeidsinnsatsen i Driva, både i førjulstida og elles i året. Vi har i tillegg fleire flinke frilansjournalistar som bidreg, og som vi er heilt avhengig av for å kunne gje ut ei avis som du som lesar set pris på.

I juleavisa finn du mykje godt lesestoff som du gjerne må bruke godt med tid på å lese. Vi kjem ut med ny papiravis fredag 28. desember, og oppdaterer driva.no på hendingar og reportasjar gjennom heile romjula.

Vi lever i eit land der fleire kulturar møtes, og der jula blir markert på ulikt vis. I ei tid der vi blir overvelda av kommersielle inntrykk, synest eg det er viktig å tenke over kvifor vi feirar jul. Kristendommen og julebodskapen slit med å nå fram i all viraken i dagane fram mot høgtida, men det er slik at svært mange av oss oppsøker kyrkja i løpet av jula. Enten på sjølve dagen eller i romjula. Det har mykje med tradisjon å gjere. Eg synest det er flott at kyrkjerommet blir nytta til å arrangere julekonsertar. Det bidreg til at fleire får eit forhold til kyrkja. I tillegg bidreg konsertane med å sette oss i god julestemning.

Ingen høgtid er så prega av tradisjonar som jula. Vi har alle forventningar til ei god jul. Ein treng ikkje å ha fulgt spesielt godt med i media for å ha fått med seg at altfor mange ikkje får det. Av ulike årsaker. Internasjonalt er det få ting i løpet av året som har gjort større inntrykk på meg enn skildringane som vinnarane av årets fredspris, Nadia Murad og Denis Mukwege, kom med. Det er ufatteleg kva vi menneskeer i stand til å gjere.

I vår familie ligg det an til å bli ei tradisjonsrik jul. Det faste juleselskapet andre juledag der heile slekta møtes, er mellom høgdepunkta. På julekvelden er det tradisjon også på matbordet. Pinnekjøtt og riskrem. Det blir stas!

- Ha ei riktig god og fredeleg jul!


Sigmund Tjelle

redaktør