The Brørs live på heimebane:

«Pappapop»-slepp i Storstuå

Sigurd Brørs kom i desember ut med konseptalbumet «Pappapop» som feirar det å ha blitt far med alt som følgjer med. Laurdag kveld(i kveld) får vi vere med The Brørs på plateslepp live med fullt band i Storstuå i Surnadal kulturhus.

Sigurd Brørs har skrive 11 songar om det å bli pappa til Runaug under vignetten Pappapop. Laurdag kveld får vi musikken servert In Concert i Storstuå.   Foto: Nils Kristian Thompson Eikeland

Runaug har teikna pappa med gitaren på platecoveret, og viser at dei kreative talenta går i arv.  Foto: Privat

Nyheter

Dei sportsinteresserte vil hugse Sigurd Brørs som skiløpar – som «ein av dei nest beste» – som han skriv sjølv.

No er han kanskje ein smule beskjeden sidan han har to bronsemedaljar frå NM på ski og ein tredjeplass i verdscuprenn.

Men i alle fall mista han motivasjonen, og då han under Ski-VM i Trondheim i 1997 fekk låne ein gitar å klimpre på under opphaldet på hotellrommet, var han tapt til musikken.

Etter kvart starta han bandet Karl Barx der høgdepunktet må seiast å vere albumet «A Produkt Of Imagination» i 2008.

Det internasjonale gjennombrotet uteblei, og Sigurd starta i staden einmannsbandet The Brørs der han gjekk over til å skrive tekstar på Surn’daling.


Alt av "The Brørs sesong 1" finn vi i musikkvideoar på Youtube, og dette er stoff som er verdt å sjå. Første video i serien kan du sjå her.

For to og eit halvt år sidan var han og kjærasten gravid, og videoprosjektet "The Brørs sesong 1" vart avslutta med låtane «Å få unge» og «Hallo» som vart velkomstlåten til ein ny verdsborgar og familiemedlem.

Sidan begynte han å skrive låtar om papparollen og kom opp med ordet «Pappapop» – som han etter kvart fann ut var ein utmerkt platetittel og eit godt konsept for eit nytt album.

Då hadde han allereie seks låtar som i utgangspunktet var skrive for framføring heime for mor og barn.


I september var han to rundar i Øra studio og spela inn albumet med hjelp av eit band som består av 67 prosent surnadalingar medrekna han sjølv.

CD-en fekk han i handa på toårsdagen til dottera Runaug – som jo er utgangspunktet for heile konseptet.

Ho viser òg kunstnarisk kreativitet med sitt portrett av pappa Sigurd på platecoveret, samt at ho er med på små snuttar på albumet. Blant anna på «Orgelmarsj i R-dur» – ein litt tungt tilgjengeleg komposisjon med mange svarte tangentar som varar i 19 sekund.

Vi stussa litt då vi såg at albumet til saman har 20 spor, men nokre av dei er altså desse korte snuttane med far og dotter.

Men vi finn 11 spor med fengande og melodiøs pop og rock med artige og underfundige tekstar på surnadalsdialekt.


Og musikarane på plata – Oddbjørn Sponås på trommer, Jørgen Wassvik på bass, Brage Kristian Einum på tangentar, Emil Emilson Holmesland på trompet og Martin Vognild Einum på trompet og munnspel – møter vi også når albumet «Pappapop» skal sleppast i Surnadal kulturhus laurdag kveld.

– Sjølve plateinnspelinga var ein oppløftande prosess med så dyktige musikarar som kom godt forberedt i studio. Eg som er vant til å bruke lang tid på å spele inn låtar, tykte dette gjekk veldig fort, konstaterer han.

– Du har ikkje laga musikkvideoar til desse låtane som til «The Brørs sesong 1»?

– Nei, som nybakt pappa har eg ikkje fått tid til det. Å lage musikkvideoar er like tids- og ressurskrevande som å skrive og spele inn musikken. Så det vi får i Storstuå blir ein rein konsert med fullt band og utan støtte frå musikkvideo på storskjerm, seier han.


Sidan Sigurd og familien er busett i Trondheim, har han no to heimebanar å halde plateslepp på. Dei som ikkje har høve til å oppleve «Pappapop» live i Storstuå laurdag 5. januar, kan ta turen til Trondheim og Antikvariatet søndag 6. januar for helgas andre sleppkonsert.

Og dei som ikkje får til å stille på nokon av konsertane, ligg heile «Pappapop» på Spotify, samt at cd-en er å få kjøpt i resepsjonen på Thon Hotell Surnadal.

Så er det viktig å nemne at alle som kjem på konsert i følge med pappaen sin laurdag kveld får ein gratis cd, samt at det blir muleg å få kjøpt signerte cd-ar i foajeen i kulturhuset i samband med konserten.