The Brørs med "Pappapop"-slepp

Fersk plate skal feirast på Surnadal kulturhus laurdag.

CD: Sigurd Brørs saman med sambuar Guri Botheim og dottera Runaug under ei tilstelning i Surnadal i 2016. Laurdag er pappa Børs tilbake på kulturhuset. 

Nyheter

Sigurd Brørs og einmannsbandet The Brørs har teke eigarskap til den nye sjangernemninga «pappapop»! Denne perla av eit ord er nemleg tittelen på den ferske plata som skal feirast på Surnadal kulturhus laurdag 5. januar.

I anledning platesleppet er einmannsbandet utvida med denne knallsterke gjengen som òg spelar på plata: Oddbjørn Sponås på trommer, Jørgen Wassvik på bass, Brage Kristian Einum på tangentar, Emil Emilson Holmesland på trompet og Martin Vognild Einum på trompet og munnspel. Med Sigurd på song og gitar blir det 67 % surndalingar!

Sigurd vart pappa for første gong på tampen av 2016, og dette utløyste ein kreativ formtopp som kulminerer med utgjevinga av «Pappapop». Alle dei 11 songane vart laga innanfor eit drygt halvår og tematiserer fødsel, familie og farskap, med like delar feiring, skråblikk og eigenterapi.

Musikalsk er plata like variert som berg- og dalbanen av tankar og følelsar som pregar småbarnslivet. Både pønk og visesong har plass under Pappapop-paraplyen. På www.broers.no/pappapop kan du høyre tittelsongen – ein popsong om å synge pop, og i seg sjølv ein shuffle i klassisk Beach Boys/Beatles-tradisjon.

The Brørs har også ein «pappa-spesial» på lur denne kvelden: dei som kjem på sleppkonserten saman med pappaen sin får nemleg ein gratis CD!