Nedre Surnadal er utan vatn

Brot på vassledninga.
Nyheter

Det er brot i vassforsyninga for nedre Surnadal. Dette skjedde rundt klokka 13.30 fredag.

Brotet vart lokalisert kort tid seinare og det arbeidast no med å isolere det.

Etter kvart vil husstandane byrje å få att vatnet, sjølv om kommunen ikkje kan seia eksakt når vatnet vil vere tilbake alle stader.

- Vi veit ikkje når vatnet er tilbake, men vil oppdatere informasjon fortløpande. Kommunen beklagar lang ventetid på telefon, skriv kommunen i ei pressemelding.

Sjå kommunen si nettside for oppdateringar