- Sender ut eit signal om at det er mannfolka som styrer, og det er avleggs

Meiner tida er moden for "administrasjonssjef" i Sunndal.
Nyheter

Jonas B. Koksvik (SV) tar i ein interpellasjon til orde for eit kjønnsnøytralt skifte i Sunndal.

Han viser til kommunelova av 1993 der stillinga som kommunens øvste administrative leiar har den kjønnsnøytrale tittelen ‹‹administrasjonssjef››. Men i dei fleste kommunane kallast administrasjonssjefen framleis ‹‹rådmann››.

– Rådmann er ikkje einkjønnsnøytral stillingsbetegnelse. Den sender ut eit signal om at det er mannfolka som styrer, og det er avleggs. Sunndal kommune bør vere ein av kommunane som bryt denne trenden.

Koksvik oppmodar kommunestyret til å vere modige nok til å skifte yrkesbetegnelsen frå rådmann til administrasjonssjef – slik det faktisk heiter i lova.

– For eg meiner at Sunndal kommune er tøff nok til å ha ein administrasjonssjef. Ordførar, vil du vere modig i lag med meg og støtte forslaget mitt om å endre til ein kjønnsnøytral yrkesbetegnelse for vår kommunes administrasjonssjef?, spør Koksvik.

Han skriv i interpellasjonen at han tippar det er fleire som dreg litt på smilebanda og kanskje fnys litt når dei skjønnar kor han vil med dette.