Spreke damer går tur i Vistdal

I snart åtte år har spreke damer i Vistdal tatt ein times spasertur kvar torsdag, uansett ver og føre.

Vanlegvis er vi åtte-ni personar. Vi veit at det alltid er nokon som ventar på kvarandre ved Coop’n.

Nyheter

Sist torsdag var det elleve damer som la i veg frå Coop-butikken i Vistdal og utover Gauprørvegen mot det dei kalar Neset. Ja, pluss to år gamle Jørgen Lange i barnevogna. I strålande lav februarsol kunne dei suge inn D-vitaminer, få opp pulsen og ikkje minst ha det triveleg i lag.