Trøndersk målpris til Tor Erik Jenstad

Tor Erik Jenstad får Trønderlagets målpris for 2019 for sin mangeårige innsats for dialekt og nynorsk.

Tor Erik Jenstad med prisen, glaskunst av Åshild Karevoll Foto: Ellinor Bergli Bustad  

Nyheter

Det går fram i en pressemelding dra Trønderlaget.

Jenstad er eit oppkome av dialektkunnskap og –engasjement, og har vore engasjert i dialektordbøker både i og utanfor Trøndelag og ikkje minst i Norsk ordbok.

Gjennom aktiv og levande kunnskapsformidling i både levande live, skriftleg og på radio, representerer Jenstad det aller beste av forskingsformidling. Vi treng entusiastiske formidlarar av eit viktig tema som språk og dialekt, og Tor Erik Jenstad er eit framifrå døme på ein slik formidlar.

Tor Erik Jenstad, f. 1956, er språkforskar og medredaktør på Norsk Ordbok 2014 og Det Norske Akademis Store Ordbok. Frå 1992 til 2015 var han «ekspertkommentator» på radioprogrammet «Dialektmagasinet» («Sei det») på NRK Trøndelag, og han svarar jamt på dialektspørsmål i Språkteigen. Mellom titlane han har gjeve ut om trøndersk språk er «Ka sa du?», «Vaddesålekt, din jehuk», «Snedig å koinn trøndersk», «Din hånstaur!», «Rappkjefta trønder», «Såson e trøndern» og «Snedig å koinn trønderslæng».

Trønderlaget hadde årsmøte i Trondheim 9. mars. Laget prioriterer å arbeide for nynorsk i skulen, særleg med å auke entusiasmen for språket og rekruttere fleire nynorskbrukarar.