–Trist at folk ikkje vil stille

Nils Ulvund reagerer på at dei som vil byte skulespråk ved Ålvundfjord skule ikkje vil stille på eit informasjonsmøte om saka.

trist: – Trist at folk som vil byte skulespråk ikkje vil stille på eit informasjonsmøte, meiner Nils Ulvund.  Foto: Elin Høstmark

Nyheter

Ulvund har sendt følgande uttale til Driva:

«Det er kjent at det er krevd avrøysting om skulespråket ved Ålvundfjord skule.

Alle som tok initiativ til røystinga er spurt om å koma på eit ope møte, men alle har takka nei. Det tykkjer vi er trist: Alle saker som skal ha eit politisk vedtak, krev at vi diskuterer alle sider ved saka. Det kan vera gode og mindre gode grunnar til å velja bokmål og nynorsk som første opplæringsspråk ved ein skule, og vi ønskjer å få løfta fram alle desse. Når dei som ønskjer byte ut nynorsk på skulane ikkje vil drøfte saka offentleg, minkar dette sjansane til å få høyrt alle meiningar om saka.»