Stolt over helgas redningsaksjon

–Eg er stolt over å vere fylkesordførar i eit fylke, der så mange jobba i lag for å berge og ta vare på passasjerane på Viking Sky, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Fylkesordførar Jon Aasen  er imponert over den fantastiske innsatsen og bedredskapsarbeidet som vart lagt ned i helga. Viking Sky i bakgrunnen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nyheter

- Heile regionen stilte opp når det gjaldt, i det som er den største redningsaksjonen sidan Aleksander Kielland-ulykka.

Fylkesordføraren er imponert over den fantastiske innsatsen og bedredskapsarbeidet som vart lagt ned i helga. Aasen berømmer alle som bidrog, både kommunane Fræna, Kristiansund og Molde, nødetatane, næringsliv og ikkje minst frivilligheita som stilte opp på kort varsel.

Han skryter av innsatsen både til sjøs og til lands, for å berge og ta vare på passasjerane på cruiseskipet Viking Sky. –Hendingane i helga viser kor viktig det er at både kommunar, statlege og private samarbeider og er koordinerert, seier Aasen.