Humørfylte elevar med god underhaldning

– Tjuefem spente elevar ventar bak scena og gler seg til å få underhalde dykk!
Nyheter

Slik ønska rektor Christian Ludvigsen ved Ålvundfjord skule dei mange frammøtte velkomne til den årlege programfesta torsdag kveld. Han kunne fortelje at det hadde vore intense øvingar dei to-tre siste vekene før påske for å få programmet på plass til denne festkvelden. For dette er ein snart førti år gamal tradisjon ved skulen – og dermed er det viktig at den blir halden i hevd, sa Ludvigsen mellom anna.