Påskesongmesse i Åsskard

Åsskard kyrkje har i ei årrekkje hatt godt besøk på si «Påskesongmesse». Mange set pris på ei samanhengande oppleving av «heile påska».

Turid Røen Kroknes. 

Nyheter

Programmet er ei tekst-musikalsk vandring gjennom høgtida – frå palmesøndag til påskemorgon. Dette skjer i bibeltekster, dikt, salmesong og klassisk kyrkjemusikk.

Koret Prosjekt 17 er hovudaktør og arrangør saman med soknerådet. Songsolist Turid Røen Kroknes. koret og forsamlinga har tonefølgje av fiolinistane Odd Sonntag og Synnøve Hammervold og organist Tor Strand.


Scenisk tablå

Sokneprest Kristin Strand formidlar påsketekster frå Bibelen. «Jesu Kristi Sju Ord på Korset» - samansett frå alle fire evangelia – tek form av eit scenisk tablå. I rollene her opptrer Per Arne Hyldbakk, Kristian Settem og Torgrim Tunes, sistnemnte låner stemme til Jesu ord.

I tillegg blir to sterke dikt av Arnold Eidslott tolka av Bernt Bøe, som denne våren vikarierer i sin gamle jobb som organist og musikalsk leiar.


Messe med konsertpreg

Kvelden har preg av konsertmesse, der klassisk musikk kommenterer det tekstlege dramaet som påska inneber. Allsongen av høvelege salmar (med kor til) er stasjonar på vandringa.

Handels opningssats er forresten eit stykke komponisten aldri har høyrt slik som her – hans opprinnelege gavott-dans er nemleg tillagt korsats (av Bernt Bøe) med teksten «Jubilate Deo» (Syng for Herren)!

Elles kling m.a. Cesar Francks «Brødet frå himmelen», eit par solo-arier, Mozarts vemodige «Ave verum» og spenstige «Alleluja». Handel har laga både «Sannelig» (frå Messias) og den livlege originalversjon av «Deg være ære».  Kor og instrument avsluttar med Bachs like livlege kantatesats over «Skriv deg, Jesus, på mitt hjerte».


Kveldsmat til alle

Og etter messa serverer soknerådet påskekveldsmat til alle i Kyrkjestua.