Vellykka rakardugnad

Ein dyktig gjeng gjennomførte vellykka vårdugnad på Åsskard-kyrkjegardane tysdag kveld.
Nyheter

Veret var litt småsurt, men opphalde og brukbart. Og om lauv og rusk var rått og tungt, gjekk arbeidet med liv og lyst.

Etter halvannan times jobb var området rundt kyrkjehuset, Gammelkyrkjegarden ved Trøa og det nyaste gravfeltet mot Belaelva rydda og fint til nasjonaldag og konfirmasjon.

Denne gongen var det eit tjuetal frammøtte - litt færre enn vanleg - som på fellesskapets vegner tok ansvar for at gravplassar og gravminne tilhørande familiane i soknet vart rydda og ordna.

Soknerådet spanderte mat og kaffe etter dugnadsøkta.