Sesongåpning med rododendrokurs for fullt hus

Vêrgudane viste seg ikkje akkurat frå si beste sida da Svinviks arboret opna for ny sesong på laurdag. Med nattemperatur på eit par grader og dagtemperatur på rundt ti grader, så er det lite framdrift på rododendronblomstringa. Men nokre av dei tidlegaste variantane er no kome i blomstring, og blir det eit par dagar med meir varme så vil nok ting skje ganske fort.

Ole Jonny Larsen heldt eit foredrag om rododendroens verden.  Foto: Jon Olav Ørsal, todalen.no

Nyheter

Men eit førtitals rododendroninteresserte var møtt fram for å delta på arboretets kurs som dei har kalla «Rododendron for dummies», der Ole Jonny Larsen heldt eit interessant foredrag om rododendron. I løpet av den timen han hadde til disposisjon rakk han å gi tilhøyrarane eit godt innblikk i rododendronens verden.  Eit fordrag som famna både litt om historia og variantane som faktisk er spredd over 3 kontinent. Totalt finnes mellom 850-1000 variantar i verda – i Svinviks arboret er det og mange sortar, men her må ein nok være nøgd med rundt 350 variantar.

Det er faktisk Golfstraumen som gjer det muleg å dyrke rododendron her. Faktisk er vestlandsnaturen ganske perfekt for rododendron som ikkje vil ha det verken for kaldt eller varmt. Den vil ha lite vind, men tilgang til nok vatn og brukbar jord. Det er sagt at rododendron vil ha sur jord, men Larsen sa at jorda på vestlandet er generell sur nok. Det finnes og spesiell gjødsel til rododendron, men han meinte at det var meir enn bra nok med vanleg hagegjødsel. Viktig er det imidlertid at ein ikkje pakker graset frå plenslåtten rundt røttene på buskene – det kan faktisk bli for tett, slik at plantene dør.

Maja Frønes og Katarina Wedelsbäck Bladh er no glad for at sesongen er i gang. Dei reknar med ei travel tid framover med mykje besøk både frå enkeltpersonar og grupper. Slutten av mai og begynnelsen av juni er spesielt travel tid med mange bussgrupper som skal innom både på omvisning og traktering.

Denne saken er skrevet av Jon Olav Ørsal fra todalen.no.