Store steinar raser ned på Eikesdalsvegen:

- Her er det ikkje snakk om det kjem til å gå liv. Det er meir snakk om når det skjer dersom det ikkje blir gjort noko straks

– Situasjonen er livsfarleg. Her kjem det til å gå liv om det ikkje blir sett i verk strakstiltak, seier Elin Ulateig Austigard i Eikesdal Bygdalag.

Store steinar: Store steinar treff vegbanen med stor kraft. Privat bilde. Foto: Privat.  Foto: privat

Vi kan rett og slett ikkje ha det slik lenger. Her er det ikkje snakk om det kjem til å gå liv. Det er meir snakk om når det skjer dersom ikkje vegvesenet gjer noko straks.

Nyheter

Det har over lang tid gått eit og anna steinspranget på Eikesdalsvegen ved Ågot. I vinter og i vår har det gått fleire ras enn tidlegare. Elin Ulateig Austigard i bygdelaget seier steinen kjem frå lenger opp i fjellet. Ho meiner det er heilt påkrevd med strakstiltak.