Populært med plantefarging:

– Flotte fargar på garnet

– Mulegheitene for å få flotte fargar på garnet er nesten uendelege, seier Marit Rasten Leirvoll. Onsdag 12. juni held ho kurs i plantefarging i regi av Eresfjord husflidslag.

Fargerikt: Bildet er frå fjorårets kurs. Annlaug Berge, Mette Mittet, Liv Gjermundnes, Ingrid Skår, Elsa Hammervoll og Marit Rasten Leirvoll (kursleiar).  Foto: privat

Nyheter

Interessa for strikking er stor. No er det stadig fleire som og synest det er artig å sjøl farge garnet dei skal bruke. Marit Rasten Leirvoll i Eresfjord husflidslag hadde eit kurs i plantefarging i fjor. Interessa var så stor at husflidslaget inviterer til eit nytt kurs no på forsommaren. Onsdag kveld 12. juni har ho plass til ti deltakarar på kurset som skal haldast på skulen i Eresfjord.