Førte biltogtradisjonen vidare

Å køyre biltog har ein lang tradisjon i Todalen.
Nyheter

I starten var det berre nokre få bilar og traktorar som deltok, og det bar mest preg av å være eit «skrommeltog» på morgonkvisten – før den ordinære feiringa tok til.

Tradisjonen med at fleire køyrte traktor hadde nok si forklaring i at antal bilar den gongen var svært begrensa . Tett etter 2. verdskrig.  Men gleda med «skrommeltog» var stor for borna, som hadde eit stort engasjement med pynting av bilar og traktorar med flagg og bjørkelauv.

Men etter kvart som levestandarden har auka har nok både tal på bilar og bilstandarden auga i stor monn. I dagens biltog var det 69 bilar, som nok er rekord og ein bil meir enn i fjorårets biltog. Køyreruta var den gamle tradisjonelle frå Matkroken og oppover til Gammelfabrikken og retur til Bordholmen der eit gigantisk frokostbord venta.