Sette pris på bygdekvinnene

Åsskard Bygdekvinnelag vart tildelt årets «Trollbakkpris».

Åsskard Bygdekvinnelag har innpå tjue aktive medlemmer. Desse var til stades på Bøfjorden Grendahus der Trollbakkprisen 2019 vart utdelt: Kari Sollid Heitmann (frå venstre), Randi Vetleseter Bøe, Aud Jorunn Endresen, Inger Lise Heggem, Torbjørg Settem og Gunhild Bøklep Bøe.   Foto: Bernt G. Bøe

Nyheter

Applausen var lang og taktfast da Åsskard Bygdekvinnelag vart tildelt Bøfjorden Historielags «Trollbakkpris» under årets 17. maifest. Utdelinga av den symbolske påskjønninga er kvart år spennande høgdepunkt under feiringa av nasjonaldagen i Bøfjorden.

Prisen er ein synleg takk til personar eller lag som utmerkar seg med stor frivillig innsats til beste for lokalsamfunnet. Den vart i år utdelt for 12. år på rad.

I grunngjevinga frå historielaget og juryen heiter det mellom anna at Åsskard Bygdekvinnelag skaper stor trivsel gjennom sine mange sosiale arrangement, er ein betydeleg tradisjonsberar, ein raus gjevar til lokale løft og ikkje minst ein miljøskapar med trivsel og velvilje som varemerke.

Under tildelinga sa leiar Bernt Bøe i historielaget at årets vinnar er ei samling Ja-menneske som ikkje kan ordet Nei. Prisen består mest av heider og ære, sa han. Men i tillegg til diplom og skriftleg grunngjeving vart vinnarane også tildelt tre flotte kulturbøker med tema innanfor deira eigne fagfelt.

Tekst og foto: Bernt G. Bøe.