Frivillige betyr alt:

– Eg har vore eit lite hjul i eit stort maskineri

– Og det har vore fole artig å vere med i alle desse åra. Det seier Eldrid Mahle, ei av mange frivillige i Vårsøghelga.

Viktig ressurs: Eldrid Mahle (78) har gjennom heile livet bidrege som frivillig på mange område. Etter mange år med frivillig arbeid for Vårsøghelga føler ho likevel at tida no er moden for å tre tilbake. – Men det har vore fole artig å vere med på dette, det har vore både sosialt og triveleg, smiler ho.  Foto: Gøran Rønning

Nyheter

Mange slike små hjul trengst for å halde maskineriet i gang, og utan frivillige som trufast stiller opp hadde det ikkje vore noko Vårsøghelg.