Ei veke til laksestart:

Overrekte gapahuk til Langhølen før fiskestart

Ei veke før starten på årets laksefiske, fekk Honnstad/Mogstad fiskelag overrekt gapahuk til Langhølen frå Inn på tunet ved Surnadal ungdomsskole. Og styret i elveeigarlaget er like spent på fisket i år som alltid.

Elevar frå 8.- og 9. trinn ved Inn på tunet – Håvard Mikkelsen, Even Hyldbakk, Ole Moe Stensønes, Gabriel Smith, Mathea Polden, Håkon Telstad Sollid, Astrid Dammen Gjeldnes og Torstein G. Ublocker – har levert gapahuk med hjul til grunneigarane Bjørnar Mogstad, Kristen Mogstad og Jon Arne Lesund. Lærar Arild Nerland var med og starta Inn på tunet saman med Kjell Ulf Lund i 2002.  Foto: Magne Lillegård

Nyheter

Det var etter skulestart i fjor haust at elevar ved 8.- og 9. trinn ved Surnadal ungdomsskole som er med på Inn på Tunet starta prosjekt gapahuk på oppdrag frå Honnstad/Mogstad fiskelag.