IL Søya fyller 100 år:

– Idrettslaget, limet i lokalsamfunnet

Idrettslaget Søya vart stifta seinvinteren 1919. Det betyr at laget fyller 100 år, noko som sjølvsagt medfører feiring – og også jubileumsbok. Den er ført i pennen av Svein Sæter.

Jubileumsbok: Svein Sæter har ført jubileumsboka for IL Søya i pennen. Oda Bæverfjord prydar omslaget, og bildet var teke av Tor Helge Solli under Todalsdagen i 2011.  Foto: Ingrid Ellevset

Nyheter

Historia til IL Søya er samla på vel 170 sider, og det er forfattar – og idrettslagsentusiast og patriot – Svein Sæter som har samla historia og fått ho mellom to permar.