Ein kan ta ein laks i døgnet, seks i sesongen

Det er regelen.

LAKSELYKKE: Dobbelt opp for lakseparet Bjørnsrud. Jan Ove kneip ein flott laks om morgonen. Seinare kunne han fotografere fru Mette med enda ein Surna-laks. Fra laksereportasja til Svein Sæter om Mette som møtte storlaksen.  Foto: Svein Sæter

Nyheter

I fredagens reportasje frå laksefisket i Surna skreiv vi at det er lov å ta opp ein laks i døgnet, to i veka og seks i sesongen. Det stemmer ikkje heilt, da regelen om vekeskvote er fjerna. No er det ein i døgnet og seks i sesongen som gjeld.

Den som er så heldig å få laks seks dagar på rad kan altså behalde alle, om dei ikkje er for store. Fiskereglane i Surna for 2019 seier nemleg at det berre kan takast opp to laksar som er lenger enn 70 cm (ca. tre kilo) i løpet av sesongen. Denne «storfisk-kvoten» er det allereie fleire dyktige fiskarar som har fylt i Surna etter fiskestarten 1. juni.

Rømt oppdrettsfisk som bit på kroken skal avlivast, og blir ikkje rekna med i kvoten.