Tilrår tilskott til hurtigladestasjon ved Sveen Auto

- Eit bidrag til å redusere klimagassutsleppa.

Daglig leiar ved Sveen Auto, Lars Kristian Todal, med første generasjon el-bil fra WV.  Foto: Magne Lillegård

Nyheter

Sveen Auto AS søkjer Surnadal kommune v/ næringsfondet om støtte til etablering av ny hurtigladestasjon til el-bilar. Stasjonen er planlagt etablert på tomta hos Sveen Auto AS i Røtet, og totalkostnaden med prosjektet er rekna til 1.207.500 kroner. Med bakgrunn i at ein kan søkje næringsfondet om maks 50% av totalkostnaden ved eit prosjekt, søkjer Sveen Auto AS om støtte på 600.000 kroner.