Surnadal kommune deler ut støtte fra Ørafondet

Pengar til bevaring av miljøet.

  Foto: Bilde malt av Elbjørg Flatekval.

Nyheter

Ørafondet er oppretta for og betalar ut 100.000 kroner i årleg støtte til tiltak som bevarar miljøet på Surnadalsøra. Fondet blei bestemt oppretta i fjor og i år blir dei første tilskota delt ut.

Dei som for dei første løyvingane fra fondet er Marit Klungen, 20.000 kroner til ny ytterdør mot gata, Amfora Design, 50.000 kroner til skifertak og Surnadal Billag, 30.000 kroner til tiltak i Strandagåren og skifertak.

Fondet er oppretta fordi Surnadal kommune ser Surnadalsøra har eit bevaringsverdig bygningsmiljø. Gjennom reguleringsbestemmelsene er det fastsatt regler for restaurering og vedlikehold av det ytre av bygningane.

Surnadal kommune og Surnadalsøra velforening tok initiativ til å opprette ei støtteordning til huseigarar for å enklere oppfylle desse krava.

Formålet med ørafondet er å motivere huseigarar til å ta vare på det unike bygningsmiljøet på Surnadalsøra, skape trivsel og bolyst, motivere til at kulturnæring og reiselivsnæring finn det attraktivt å drive og etablere seg.

Kommunen seier retningslinjene gjeld for tiltak på eigedomar vist som bevaringsområde i reguleringsplan for Surnadalsøra.

Kommunen seier det kommunale næringsfondet har avsatt årleg 100.000 kroner over 3 år. I tillegg er det åpna for at andre aktørar kan bidra til fondet. Ordninga skal evaluerast og vurderas vidareført etter 3 år.

Formannskapet utgjer styret for fondet.