Kraftkarane opnar sesongen

Søndag startar sommarsesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum, der tema for dagen blir Heggemselva Mikrokraft AS.

Heggemselva Mikrokraft kom i drift i mars i år. Her lagar turbinen sine første watt. Frå venstre eigar Nonnon Heggem, turbinleverandør Ulf Andreassen, installatør Odd Harald Talgø, maskinkjørar Ingebrigt Garthe og eigar Bjørge Aasbø.  Foto: Bernt G. Bøe

Nyheter

Gardane Heggem og Dragset har rik historie - frå Husfrøya Gyrid på 1300-talet via Mannbjønnens herjingar i 1770-åra og fram til våre dagar. For 80 år sia vart det første kraftverket bygd ved Heggemselva. I moderne utgåve gjenoppstod dette no i vår - som Heggemselva Mikrokraft.

Eigarane Nonnon Heggem og Bjørge Aasbø viser film og foto frå bygginga og informerer om stasjonen som no skaffar strøm til eit heilt nabolag. Etter biletkåseriet blir det høve til å besøke kraftverket attmed garden på Heggem.

Sodd og kaffe blir å få kjøpt på museet heile opningsdagen.