Gunnvald Bøe til minne

Nyheter

Gunnvald Bøe døde 29. juni. Ein god far og svigerfar, bror, svoger og onkel vil bli sårt sakna. Sambygdingar og venner, kollegaer, korsongarar og kulturfolk i Bøfjorden, rundt Nordmøre og i Trøndelag har mista ein dei sette stor pris på. Gunnvald etterlet seg eit rom det blir vanskeleg å fylle.

Han var fjerdemann i ein barneflokk på åtte i Orheim på Bølandet. Gunnvald var midtpunkt blant søskena og god venn og kamerat for alle i nabolaget. Han fryda seg over leik med flatjekt og fiskartrøe, med båt og ball, i sport og friluftsliv. Ikkje minst var han glad i å lesa. Dukka han ned i blad og bøker, laut du vente på svar om du tala til han.

Lærdom og erfaring tok han med seg gjennom heile livet. Gunnvald var kjent og blir alltid hugsa som eit uvanleg kunnskapsrikt og reflekterande menneske.

Vel var ikkje livet alltid like enkelt. Fjerdeklasse-året på skulen mista han på grunn av sjukdom. Men med flid og innsats henta han inn att det tapte. Nevrologiske plager hemma muskulaturen alt frå tenåra. Men det hemma ikkje innsatsviljen og pågangsmotet. Han spela fotball på laget i Bøfjorden og var heile livet ivrig friluftsmann og turgåar.

Sin første jobb hadde han på Samvirkelaget i Rindalen, og der fekk han varige venner. Han tok så militær utdanning. Men offiseren Gunnvald Bøe var meir kamerat enn kommandant. Under tøffe øvingar i felten bar han gjerne sekk og oppakning for slitne soldatar.

Etter artium og høgskuleutdanning vart det lærargjerning – ei tid i Bøfjorden, men mest i Trøndelag. I 25 år var han lektor ved Melhus vidaregåande skule og var del av eit gjevande kollegium med gjensidig respekt og godt fagleg arbeid. Han var glad i alle elevane sine, og det var gjensidig.

I Melhus deltok han med glød i kulturarbeid, målsak og avholdsarbeid. Ikkje minst var han ein aktiv Prestegårdslånnas Venn. Også i feriane og etter at han flytta til Bøfjorden som pensjonist, drog han ofte til Melhus på møte, dugnad og songkveldar i Prestgårdslånna. 

For Marius og Karin var Gunnvald ein god og omsorgsfull far og svigerfar.

Fagleg var han kanskje aller sterkast som språkmann, med dialekt, norrønt og nynorsk som hovudfelt. Innan etymologi (læra om ords opphav) stod han blant landsdelens fremste. Slik kunnskap formidla han med grundighet og humor både i skulen og i tallause artiklar og foredrag. Ingen kunne så levande og festleg som han forklare kvifor vi kallar ein spade for ein spade og kvifor graut heiter graut.

Kompetansen innan etymologi, dialekt og stadnamn delte han raust med facebook-venner, som gjerne spurte når dei stod fast: - Kva meiner du, Gunnvald Bøe?

I Bøfjorden Historielag var han foregangsmann. Med sitt stille vesen synleggjorde han eit levande kulturmiljø gjennom laget og samlingane på sjøbruksmuseet. Tomrommet blir stort.

Songinteressa og songstemmen var varemerke. Hans malmfulle bass la fundament for god klang i Bøfjorden Mannskor, Prosjekt 17 og ymse felleskor. Songarane sette pris på hans tekstkunnskap og lune humor.

Som nabo og turkamerat var Gunnvald fredsæl, hjelpsam og godt lika. Aller mest som den ekte bøfjordingen han var blant sambygdingane.

Muntre og kunnskapsrike Onkel G er allereie sakna hos  neste generasjon i Orheim-slekta. Han var god å spørre om det aller meste. Og han spreidde lun trivsel når han kom inn døra.

For meg og søskena var han først og fremst ein slik bror som vi ønska alle kunne ha. Den gode broren vi så gjerne skulle hatt saman med oss i enno mange, mange år.