Vil bruke Kavli Moen gard meir i tråd med verdiane til Fred Kavli

Universitet og høgskular kan bli framtidige brukarar av Kavli Moen gard i Eresfjord.

Stor interesse: Mange var inviterte til opninga av Kavli Moen gard. 

I løpet av neste år ser vi for oss ei meir formell opning av det som skal stå fram som eit opplevingssenter der folk som besøker garden reiser derifrå med ei god kjensle

Nyheter

Både engasjementet og gleda over resultatet var stor da Fred Kavli opna dei fullrestaurerte og nybygde bygningane på heimgarden i 2011. Den utflytta eresfjordingen som slo seg stort opp i USA gjennom firmaet Kavlico Corporation i Moorpark i California. Under hans leiing utvikla firmaet seg til ein av verdas leiande produsentar av sensorar til køyretøy, fly og romskip, samt til annan industriell apparatur. Den store formuen han opparbeide seg er fordelt på ulike forskingsinstitusjonar og ikkje minst dei verdskjente Kavliprisane.