Todalen.no fyller ti år:

Inviterer til jubileumsfest

Laurdag kveld inviterer styret i Todalen.no til jubileumsfest i Todalen Ungdomshus, der det blir både god mat og drikke, humor og musikk.

Jubilerer: 24. august fyller nettstaden todalen.no 10 år. I den anledning inviterer styret og redaksjonen til jubileumsfest i Todalen Ungdomshus førstkomande laurdag. 

Nyheter

Den 24. august fyller todalen.no 10 år. I den anledning inviterer styret til jubileumsfest i Todalen Ungdomshus førstkomande laurdag, 10. august.

– Vi ønsker å gi noko tilbake til bygda, og har landa på god servering, humor og kjente tonar til slutt, fortel Elinor Bolme på vegne av styret og redaksjonen. Ho er ein av fire redaktørar.

Elinor Bolme er styremedlem og ein av fire redaktørar i todalen.no, som no inviterer til jubileumsfest.  

 

Og programmet syner noko for ein kvar smak. Her blir det både heilsteikt gris frå Sylte Gardsslakteri, kaffe og jubileumskake, samt ein god dose humor, song og musikk.

– Vi er så heldige at vi har fått med oss Tone Søyset Døving med ein minikonsert og nykomponert jubileumssong for anledninga. Tone har med seg lokale musikarar til å akkompagnere seg, noko vi gler oss veldig til, seier Bolme.

Humor og forfriskingar

Jubilantane har og booka Håvard Haugan og Jo Kristian Kvernland frå Beitstad og Kortnebbgåsa Ve og Vel med inspirasjonsforedraget "Gjess, we can! – historien om hvordan en fugl og to gutter snudde bygda på hodet!"

– Dette er eit foredrag med laus snipp, som er inspirerande, humoristisk og engasjerande om korleis desse to karane tok i bruk eit brennande engasjement for heimplassen sin, kreativ galskap og ein hata fugl for å snu bygda på hovudet.

Og undervegs blir det sal av forfriskingar ifrå baren.

Det er førehandssal av billettar ved Matkroken i Todalen og jubilantane håpar at mange vil bli med på denne feiringa.

– Vi sjølv meiner dette er vel verd å få med seg, både for todalingar, medlemmar og elles andre som har lyst til å feire saman med oss!

Stadig meir populær

Sidan oppstarten av Todalen.no har nettstaden vorte stadig meir populær som nyheitskjelde for todalingar, både fastbuande, utflytta, og andre interesserte.

Todalen.no har ein fast redaksjon beståande av fire redaktørar som har fortløpande ansvar med å informere og opplyse om det som føregår på førehand, samt lage reportasjar frå små og store hendingar, ikkje berre frå Todalen, men og aktuelle og interessante hendingar i lokalsamfunnet.

Les meir om historikken og utviklinga her.

Litt statistikk:

Sidan starten har todalen.no hatt:

• 3 207 535 besøk

• 517 154 unike besøkande

• 6 702 883 sidevisningar

• 2 minutt og 9 sekund gjennomsnittleg besøkstid

Og når det gjeld årlege besøkande har todalen.no hatt ein vekst frå 25 732 besøkande og 71 732 sidevisningar i 2009, til 436 977 besøkande og 850 603 sidevisningar i fjor.

Flest sidevisningar var det i 2015, da talet var 907 745.

Det er registrert besøk frå heile 111 ulike land gjennom desse ti åra, og trafikken frå mobile einingar utgjorde i fjor 69 prosent av det totale besøket på todalen.no.