Spøkefullt på museet

Lun og kortreist humor prega søndagens museumstreff i Bøfjorden. Rindalen og Bøfjorden var representert med både historier og aktørar.

Kosa seg: Forsamlinga kosa seg. 

Nyheter

Historielaget hadde annonsert med ein hemmeleg gjest - som viste seg å vera Fredrik Løset. Den pensjonerte geologen frå Rindalen sit inne med skattar av forteljekunst. Ofte skriv han lokalhistorie i hefta åt Rindal Heimbygdlag. Og han har mykje av æra for sukessboka «Rindalshumor» - som (ikkje uventa) er utseld.

Men det var programleiar Bernt Bøe som serverte første bolken med spøkefulle historier. Han innleia med teorien om at ulike naturforhold påverkar lynnet og dermed humoren hos folk. Er rindalingar meir sinnsrolege og mindre talatrengte enn rastlause bøfjordingar? Og dette i så fall fordi natur og livsvilkår er meir «forutsigbare» inne i landet enn ved sjøen - der veret skiftar meir og der ein ikkje veit om dagen gir storfangst eller svarte garn?

Bernt prøvde å bevise teorien med eksempel. Fjordfolket seier det gjerne kort og greitt. Som da skipperen på seglskuta «Svanhild» tykte matrosane spara på sjøvatnet da dei skulle skylje dekket for fiskeslo: – E det for lite sjy på styrbord-sidån, så finn de meir på babord!

Spøken på Bølandet kunne vera røff. Som 4-åring vart Bernt narra til å gå heim etter tallerk og skei for å smaka på «rømmegrauten» som onkel Ola lokka med. Sanninga var at onkelen koka tran (til husmåling) i ei storgryte nede i fjøresteinane!

Fredrik Løset gav mange fine eksempel på den lune rindalshumoren, ofte med overraskande poeng. Og med sin store lokalkunnskap framheva han også personlegheter frå heimbygda. Blant desse var både bestefaren, lensmann Fredrik Løseth, og skirennaren John Røen.

Rindalshistorier: Fredrik Løset viste eit oppkome av gode rindalshistorier. 

 

Han trudde nok Røen sette uoffisiell verdensrekord i skihopp. Ein kveld var tilløpet påfrose med blankis da han sette utfor. John har sjøl fortalt at han tykte det bar vel høgt, så oppe i lufta begynte han å be Fadervåret. Men han landa ikkje før han var komen langt ut i eit salmevers!

Ein gong laut bestefaren beslaglegge og ta med seg eit heimebrentapparat i bygda. Da kom eigaren springande etter med ein slange som også høyrde til: – Vess du itj he med den her, så fe du det da itj te å versk! sa han.

Humor treng ikkje vera brautande og grov. Fredrik sin lågmælte og underfundige forteljemåte gjorde at historiene slo an ekstra godt blant dei frammøtte i Bøfjorden denne søndagen.

Men «Rindalshumor» må vel koma i nytt opplag snart?