Politikarane fekk høyre om frykta for steinsprang på Eikesdalsvegen

– Har ofte vore redd for å bli treft av steinsprang

– Eg har hatt Eikesdalsvegen som arbeidsveg i 23 år. På dei mest rasutsette strekningane har eg ofte køyrt med kjensla av å ha hjartet i halsen. No hastar det med tunnel forbi Ogåtthammaren!
Nyheter

Bjørg Anne Vike fortalde i klare ordelag korleis det er å ofte vere redd for å bli treft av steinsprang eller isklumpar når ho køyrer Eikesdalsvegen.