Klinge etter lang sjukmelding:

– Var bekymra for at eg ville vera usynleg

Etter lang sjukmelding er helsa framleis ikkje heilt på topp, så Jenny Klinge (Sp) frykta difor at ho ville bli litt usynleg i valkampen. Slik vart det slett ikkje.

Godt synleg: Jenny Klinge har vore ute med lang tids sjukmelding og frykta at ho ville bli litt usynleg i valkampen. Det vart ho ikkje. Arkivbilde.  Foto: Sigmund Tjelle

Nyheter

Jenny Klinge (Sp) var sjukmeldt frå og med desember i 2018 til og med stortingssesjonens slutt i juni. Klinges rådgjevar har sjekka korleis det har gått med henne i media sidan ho kom tilbake for halv maskin no i juli og gjennom valkampen.