Statsbudsjettet:

Lover meir veg for pengane

Vil redusere etterslepet på vegvedlikehald.

SATSAR: - Det er viktig å ta vare på det ein allereie har. Derfor har vi satsa kraftig på å vedlikehalde vegane i Norge dei siste åra. seier samferdselsminister Jon Georg Dale.  Foto: Gøran Rønning

Nyheter

- Norge er avhengig av gode vegar for at folk skal kome seg fram. Gode velferdstenester og konkurransekraft krev både ein moderne infrastruktur med høg kvalitet og effektive og sikre transportløysingar. Regjeringa fortset satsinga på vedlikehald av og investering i vegar. Med dette budsjettforslaget opnar vi over 100 kilometer firefelts motorveg og reduserer vedlikehaldsetterlepet på veg med ytterlegare 1,8 milliardar kroner, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.