Anders Larsen:

Ny dagleg leiar i Vårsøghelga - med mange nye tankar

Anders Larsen er ny dagleg leiar for Vårsøghelga, til stor begeistring frå styret. Og den første konserten han annonserer kan nok allereie no trygt kallast for årets happening i Surnadal i 2020!

Ny leiar: Anders Larsen er ny dagleg leiar for Laget Vårsøg. Her med Vårsøglandets eigen Henning Sommerro og Hans Hyldbakk i ryggen. No gler han seg berre på å kome i gong og få vere med på å løfte fram og utvikle denne festivalhelga vidare. 

Nyheter

Surnadalingen Anders Larsen, som frå før er godt kjend for dei aller fleste som fiolinist i TrondheimSolistene og Trondheim Symfoniorkester, har teke på seg jobben som ny dagleg leiar i 50 prosent stilling for Laget Vårsøg, etter at Gerd Ingrid Kvendset gjekk ut i to års studiepermisjon.