Færre arbeidslause i fylket

Så låg arbeidsløyse at næringslivet har aukande utfordringar med å rekruttera arbeidskraft med ønska kompetanse.
Nyheter

Ved utgangen av oktober er 2610 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 1,9 prosent av arbeidsstokken.

Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 12,9 prosent frå same månad i fjor. I landet er det 59.549 heilt arbeidslause. Dette er 2,1 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 3,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Korrigert for normale sesongsvingningar har det dei to siste månadane blitt 148 færre ledigei Møre og Romsdal, noko som er ei betre utvikling enn i resten av landet, seier direktør i Nav, Stein Veland.

– Nedgangen i arbeidsløysa held fram på søre Sunnmøre. Der er den 2,3 prosent, same som på ytre Nordmøre. I fylket elles er arbeidsløysa så låg at næringslivet har aukande utfordringar med å rekruttera arbeidskraft med ønska kompetanse.

– Vi gjer no mykje godt med inkluderingsdugnaden i heile fylket. I oktober 2019 har vi 859 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 40 fleire enn i oktober 2018. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3469 personar i fylket, avsluttar Veland.

Arbeidsløysa er lågast i Sunndal (1,3 prosent) og Surnadal (1,4 prosent). I Halsa er det 2,9 prosent heilt utan arbeid, i Nesset 2,4 prosent, går fram i oversikten frå Nav Møre og Romsdal.