fredagsgjest

– Eg har møtt mange krigsveteranar som opplevde fryktelege ting. Likevel hadde dei tru på menneskeverdet og på framtida

Svein Sæters nye bok er ei knallsterk historie frå andre verdskrig. No har boka brått blitt dagsaktuell i ei stor, internasjonal nyheitssak: den aller siste rettssaka mot ein nazi-forbrytar, tiltala for medverknad til 5230 drap.

Krigshistorie: Svein Sæter har skreve fem «krigsbøker». Den siste handlar om Ottar Haugland og kampen hans mot bestialiteten under krigen. 

Nyheter

«Krig. Mor. Bror» er tittelen på boka, som nyleg er lansert av Samlaget. Boka handlar om Ottar Haugland og kampen hans mot bestialiteten under krigen. I november 1943 vart Milorg-leiaren Ottar og broren Knut, sistnemnte kjent for tungtvannsaksjonen, tekne av Gestapo.