Anne Vognild Einum vinn Driva sin sommerbildekonkurranse for fjerde gong:

– Dette er sommar!

– Nei, men dette er da nesten flaut, smiler Anne Vogild Einum. Den foto-glade 75-åringen frå Surnadal har gått heilt til topps i Drivas sommerbildekonkurranse. For fjerde gong!
Nyheter

Ho har alltid vore interessert i det visuelle uttrykket. Anne Vognild Einum er glad i både å tegne, male og å fotografere.

Menneske i naturen er motiv ho likar aller best.

Gjennom barndommen i Meldal og seinare i Oppdal har Anne vore vant til å ha naturen innpå seg. Det har det vore alle mulegheiter for også etter at ho og ektemannen Brage bosette seg i Surnadal i 1972.

– Eg begynte som lærar ved Øye året etter og var der til eg vart pensjonist. Har vore heldig og har hatt ei god helse. Slik har eg kunne gå mange turar med fotoapparatet som fast følgesvenn.

Anne Vognild Einum er ivrig til å fotografere. Mange bilde er ikkje så bra, hevdar ho.

Hobbyen hennar har til no resultert i fire førsteplassar i Driva sin sommarbildekonkurranse der Nathan Lediard som einerådig jury ikkje har visst kven som har vore fotograf.

– Kva slags kamera brukar du?

– Eg kjøpte ein Canon speilrefleks i 2007. Det brukar eg framleis. Har oppdatert det litt.

Anne gjekk til topps i Drivas fotokonkurranse i 2004,2008, 2014 og no i 2019. I 2006 gjekk ho til topps i ein fotokonkurranse i samband med Vårsøghelga.

– I år vann eg også førsteprisen i klassen for portrett i fotograf Melhus sin minnepris. Artig, eg kjem til å fortsette å fotografere også framover, seier den ivrige og dyktige fotografen

Fotograf Nathan Lediard viser til at det var mange flotte bilde som deltok i årets konkurransen. Så godt som alle har vore presentert i papiravisa.

– Det har vore koseleg å sitte og bla gjennom alle sommarminner frå Driva sine lesarar. Nok ein gong føler eg at eg må minne folk på at det er veldig enkelt å rette opp horisonten på bilda. Til og med på telefonen er det enkle verkty som hjelper til med dette. Mange flotte bilde blir vanskeleg å sjå på på grunn av skeive horisontar. Ellers har eg ikkje sett så mykje på det tekniske og heller sett på stemninga i bilda. Utstyr kan være ein viktig hjelpemiddel for ein fotograf, amatør eller proff, men det beste kamera er det kameraet du har med deg! I dag er det mobilen og mobiltelefonane mange brukar. Eg har sjøl droppa ordentlege kamera til fordel for Iponen. Men det blir nok ei stund før eg bytter ut proffkameraet mitt med telefonen, smiler Lediard.