Veksler på å tilby fødselshjelp

Set i verk tiltak for å trygge fødselstilbodet

Driftssituasjonen ved fødeavdelingane i Kristiansund og Molde er så krevjande at leiinga ved avdelinga set i verk midlertidige tiltak for å trygge tilbodet til pasientane.
Nyheter

Fram til nyttår vil begge avdelingane vere open for fødande på vekedagar, men fire helger vil Kristiansund og Molde veksle på å tilby fødselshjelp.

- I haust har vi opplevd aukande utfordringar med bemanninga ved fødeavdelingane både i Kristiansund og i Molde. Tilsette opplever ei stor belastning med meirarbeid, overtid og utstrakt bruk av eksterne vikarar, noko som kan få negative konsekvensar for pasienttilbodet, seier Elisabeth Siebke, konst. klinikksjef i klinikk for kvinner, barn og ungdom.

Utfordringar med fråvær og rekruttering

I mai i år vedtok Styret i Helse Møre og Romsdal å utsetje tidspunktet for ei fødesamanslåing av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Ei ny sak med forslag om tidspunkt for ei fødesamanslåing vil komme til styret første halvår av 2020.

- Utsetjinga av saka har vore krevjande for oss. For å betre bemanningssituasjonen ved dei to fødeavdelingane har det vore lyst ut stillingar både i Kristiansund og Molde, men avdelinga har dessverre ikkje lukkast godt nok med rekrutteringa, seier Siebke.

Helgestengt

Førstkommande helg, frå fredag 15.nov.kl.18.00 til måndag 18.nov. kl.08.00 vil fødeavdelinga i Kristiansund ha ansvar for fødselshjelptilbodet for fødande i Nordmøre og Romsdal. Fødeavdelinga i Molde vil ikkje ta i mot fødande, men vi tilby barselsomsorg som normalt.

Fram til nyttår vil avdelingane veksle på å ha ansvaret for fødselshjelptilbodet i helgene.

VekeKristiansundMolde
46OpenHelgestengt, men open for barselsomsorg
47Helgestengt, men open for barselsomsorgOpen
48OpenOpen
49OpenOpen
50OpenOpen
51Stengt 20.-27.12, men open for barselsomsorgOpen
52OpenStengt 27.12-3.1, men open for barselsomsorg

Helgestenginga gjeld frå fredag kl. 18.00 til måndag kl.08.00

Bemanning av avdelingane

Begge fødeavdelingane vil ha bemanning i helgene og vil ha gynekolog i vaktberedskap som normalt. Avdelinga som har helgestengt for fødande vil vere bemanna med ei jordmor og ein barnepleiar heile døgnet. Ordninga inneber ikkje at tilsette blir pålagt å ta vakter ved det andre sjukehuset, men dei kan få forskjøvet si arbeidshelg for å sikre forsvarleg bemanning.

- I helgene vil gravide få tilbod om både ø-hjelpskontrollar og trivselskontrollar både i Kristiansund og Molde, men fødande vil få hjelp ved avdelinga som har ope. Barselkvinner vil få moglegheit til å flytte til sitt lokalsjukehus etter eiget ønske, seier Siebke.

Ny vurdering etter nyttår

Ordninga med vekselvis stenging av fødselshjelptilbodet om helgene vil halde fram til nyttår. Avdelingsleiinga vil deretter gjere ei ny vurdering av driftssituasjonen og behovet for tiltak.